Regissør er Lisa Marie Gamlem. Filmen konkurrerer med åtte andre kortfilmar, syner programmet som vart offentleggjort tysdag. Manuset til "Kjøttsår" er skrive av Jørn Kurt Bergo, frå Ulvik. Filmen vart mellom anna spela inn på Voss ungdomsskule og i eit gamalt hus på nedre Grauo. Tre unge vossingar debuterte som skodespelarar i filmen. Filmen handlar om dagen derpå for ein 13 år gamal gut som har drukke seg full på fest. – Det handlar om samtalane han har med ulike menneske, fortel Gamlem til Aftenposten. Manuset til filmen er skrive på nynorsk, og er allereie prislønna.
影视行业信息《免责声明》I 违法和不良信息举报电话:4006018900